Håndplukkede
jobs til kunstnere
& kreative
Læs mere
Vis din jobannonce
til 20.000
professionelle
Læs mere
Sidste frist for ansøgning 15 september 2018

Stipendiat­stilling

Griegakademiet, Universitetet i Bergen

Stipendiatstilling ved Griegakademiet – Institutt for musikk

Ved Griegakademiet – Institutt for musikk er det ledig ei stipendiatstilling innan fagområda musikkvitskap eller musikkterapi. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år med planlagd start 1. januar 2019.

Griegakademiet – Institutt for musikk er ein del av Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) ved Universitetet i Bergen. KMD er eit kraftsenter for kunstnarleg utviklingsarbeid, vitskapleg forsking og utdanning, fundert på lange tradisjonar for kunst-, musikk -og designutdanning i Bergen.

Fakultetet har om lag 600 studentar og 180 tilsette. Den faglege verksemda er organisert i tre institutt (kunst, musikk og design) med ein felles administrasjon.

Institutta har stipendiatar som er knytte til Program for kunstnarleg utviklingsarbeid (PKU) og ph.d.-programmet til UiB. UiB arbeider også med å få på plass eit kunstnarleg ph.d.-program, som vil innebere ei ytterlegare styrking av forskingsmiljøet ved fakultetet.

Fagmiljøa innan kunst og design er samlokaliserte i eit nytt bygg, spesialteikna for verksemda av Snøhetta. UiB arbeider for å etablere eit eige bygg for Griegakademiet – Institutt for musikk på nabotomta i Møllendal.

KMD samarbeider med leiande institusjonar, lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Om Griegakademiet – Institutt for musikk

Griegakademiet – Institutt for musikk samlar sterke og internasjonalt akta fagmiljø. Vi vektlegg møtepunkt mellom kunstnarlege disiplinar, musikkvitskap, musikkterapi, musikkpedagogikk og andre universitetsfag. Våre fagmiljø har utstrekt samarbeid med lokale og regionale kunst- og kulturinstitusjonar. Fagmiljøet i musikkterapi samarbeider i tillegg med fag- og forskingsmiljø knytte til helse, omsorg og oppvekst.

Forskingsverksemda vår er kjenneteikna av samspel mellom ulike kunnskapsformer og -tradisjonar. Kunstnarleg utviklingsarbeid er etablert som kunnskaps- og arbeidsform på line med anna forsking ved UiB. Fagmiljøa våre trekker til seg internasjonale studentar og forskarar, og vi legg vekt på at studentane kan gjere individuelle val i studieløpa sine. Studio og ein stor instrumentpark har ein sentral plass i arbeids- og læringsmiljøet vårt.

Kvalifikasjonskrav

Søkjarar må ha oppnådd norsk mastergrad/hovudfag eller tilsvarande utanlandsk grad innan musikkterapi eller musikkvitskap. Søkjarar med grad innan andre relevante fagområde kan vurderast dersom prosjektet er innan musikkterapi eller musikkvitskap.

Prosjektet må høyre inn under enten musikkterapi eller musikkvitskap og vil verte vurdert i lys av forskingskompetansen ved instituttet. Hovudrettleiar vil som regel vere fast tilsett ved instituttet. Det skal gå fram av søknaden kven som har stadfesta å kunne vere hovudrettleiar for prosjektet.

Om fagområda musikkvitskap og musikkterapi

Musikkvitskap ved Griegakademiet – Institutt for musikk, legg vekt på kunnskap om musikk og musikalsk forståing relatert til kultur-og samfunnsteori i tillegg til nyare innfallsvinklar til musikkvitskap og mediastudium.  Griegakademiet tilbyr eit BA studieprogram i musikkvitskap med ei brei internasjonal orientering som legg til rette for spesialisering innan  folkemusikk, world music, klassisk musikk,  populærmusikk og jazz, så vel som studium av musikk- og  kulturinstitusjonar og musikalsk praksis som sosialt fenomen.

Fagområdet musikkterapi ved Griegakademiet – Institutt for musikk, er definert som det tverrfaglige studiet av musikk og helse, og er forankra i ein humanistisk og samfunnsorientert musikkterapitradisjon. Griegakademiet har eit 5-årig integrert masterprogram i musikkterapi. Studieprogrammet tilbyr både ei praktisk og vitskapeleg tilnærming, og utforskar relasjonar mellom musikk og helse i kliniske kontekstar og i kvardagsliv. Forskingsmiljøet er organisert i tvillingsenteret GAMUT i samarbeid med Uni Research Helse.

Om stipendiatstillinga

Den som vert tilsett i stillinga må utvikle sitt eige prosjekt innanfor fagfeltet. Det er ein føresetnad at den som vert tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd, og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse.

Stipendiaten vert tilsett med plikt og rett til å ta del i undervising, eksamensarbeid og/eller

forskingsadministrasjon i 25 % av stillinga i tilsetjingsperioden, dette etter dei studieordningane som gjeld til kvar tid.

Tilsetjing i stipendiatstilling krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, Griegakademiet – Institutt for musikk, og rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Om forskarutdanninga

Dei som vert tilsette, vert tekne opp på UiB sitt vitskapelige forskarutdanningsprogram. Ved Griegakademiet – Institutt for musikk vil kandidaten bli knytt til forskarskolen Grieg Research School in Interdisciplinary Music Studies, som samlar kandidatar frå eit breitt fleirfagleg musikkfelt. Stipendiatar vil og bli knytt til relevante forskargrupper ved instituttet.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn etter lønssteg 50 (kode 1017 /LR20, alternativ 8) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 436 500 brutto.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk i Jobbnorge via lenkja «SØK STILLINGEN»

Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet. I tillegg må dette følgje søknaden:

  • Prosjektomtale (inntil 5 sider), og namn på føreslegen rettleiar
  • Framdriftsplan for prosjektet
  • Litteraturliste for prosjektomtalen
  • Eit kort samandrag av hovudfagsoppgåva/masteroppgåva (inntil 3 sider).
  • Vitnemål frå universitet/høgskule (skanna versjon) som viser at du har relevant utdanning
  • Liste over eventuelle vitskaplege produksjonar.

Ein bedømmingskomité vil vurdere søknadene. Hovudkriteria ved vurderinga er søkjaren sitt forskingspotensial, slik det går fram av prosjektskissa, hovudfags-/ mastergradsoppgåva, og andre vitskaplege arbeid (dersom tilgjengeleg).

Generell informasjon

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er derfor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Fakultetet kan tilby ei interessant og krevjande stilling i eit miljø med høgt aktivitetsnivå, faglege utfordringar og gode samarbeidsforhold.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Randi Rolvsjord tlf. +47 97514878, e-post randi.rolvsjord@uib.no.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søg stillingen

 

Kilde: https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/152334/stipendiatstilling-ved-griegakademiet-institutt-for-musikk
Annonce
Annonce

DMF Support / VÆRKSTEDET

DMF SUPPORT

Når du har et akut behov, der handler om din musik

Læs mere
Henter jobs...